Ja

Ein liten opningstale her, frå instruktørane på storytelling!

(kremt, )

Mine damer og herrar!

Då er vekeplanen for storytelling kurset på frukt klart og det blir passe utfordrande for både instruktørar og kursdeltakarar. Me har fylt dagane opp med øvingar som me trur passar godt og er gode på vegen mot å bli ein god fysisk forteljar. Og fysiske skal me være!

Vår plan vår å byrje kurset med å introdusere mime å få ein stødig plattform å sparke frå, men denne introduseringa blir kortare enn me tenkte fordi me berre har fem dagar på oss og det er kort tid. Mime er eit veldig greitt og tøft virkemiddel å ha, eller å være kjent med om du vil unngå rekvisittar, i staden for å late som ein drikk av ein kopp kan du mime at du drikk av ein kopp. Gjennom mime kan du gestikulere og vise til, i staden for å stadfeste, bestemme med ord! Som den kjente franske artisten Marcel Marceau, mannen som lærte Michael Jackson monnwalk, sa om mime; ”A magician makes the visible invisible. A mime makes the invisble visible” eller ”Do not the most moving moments of our lives find us without words?”. Pantomime derimot, skal me bruke ein del tid på, fordi i pantomime finst ingen grensar!

Resten av veka skal me strekke, krangle, gråte, puste, gå i blinde, springe i blinde, peke, rane ein bank, lage bølgjelydar, gå oss vill i skogen og sjå framsyning på kulturhuset. Det blir jette bra!

Me instruktørar forbered oss gjennom å repetere øvingar og øve på stråle autoritet, tryggleik og kunnskap!

Sjå gjerne vår blogg; garv.blogg.no og skriv kommentar om du har sett vårt show!

Hjarteleg velkommen på visning med teaterkurset laurdag klokka 19 på Hunstad!

Mathias og Ivar-Gunnar